Georg Fjellberg

Georg Fjellberg var ein av mange som ofra livet for heimlandet under den andre verdskrigen. Han deltok i mobiliseringa i Røldal i 1940 og fekk ordre om å ta vare på fleire gevær. Desse gøymde han i heia ved Fjellberg, omlag ein kilometer sørvest for denne staden.

Motstandsmiljøet i Stavanger fekk med tida kjennskap til våpena. I 1941 blei fleire frå dette miljøet arresterte. Under avhøyr fekk så tyskarane veta om våpenlageret til Georg. Han blei arrestert saman med 16 andre og send til Oslo i november 1941. Det blei dødsstraff. Den 29. desember vart den 33 år gamle Georg Fjellberg i lag med ti andre skotne på Flatmyr i Nannestad.

Etter krigen samla sambygdingar og vener i vide krinsar inn pengar og reiste ei minnestøtte nær heimplassen hans.